Hopp til hovedinnhold

Himmelleite

Konserten arrangeres i samarbeid med Folkemusikkarkivet

NB! Arrangementet har funnet sted

Folkemusikerne Ingrid Lingaas Fossum og Vemund Olav Aukrust i duoen Himmelleite utforsker musikalske ytterpunkt med langleik og orgel. Her blir det folkemusikk fra Valdres og Gudbrandsdalen.

Rørosmuseet Smelthytta
20. feb. 2026
15.30 Ord. inngangsbillett Smelthytta

Folkemusikarane Ingrid Lingaas Fossum frå Valdres og Vemund Olav Aukrust frå Lom starta duoen Himmelleite i 2022. Duoen utforskar to musikalske ytterpunkt: Langeleik og orgel, med innslag av song og kraviklyre. Dei har gjort ei rekkje konsertar i lag dei siste åra, og kjem no med si debutplate. Himmelleite byr på eit unikt lydbilde, med klangen frå den lågmælte langeleiken - som har levd minst 500 år i Noreg - i kombinasjon med trøorgel og kyrkjeorgel. Duoen spelar folkemusikk frå sine heimtrakter, Gudbrandsdalen og Valdres, som dei har funne i notesamlingar og på folkemusikkarkivet. På det nye albumet får vi høyre dette materialet i ei ny musikalsk drakt - der langeleiken og orgelet skifter mellom å ha ei leiande rolle. Du får høyre halling, lyarlåttar, salmer og viser, springleik og valdresspringar i duoens eigne arrangement - tidvis kombinert med klassiske tolkingar av det same slåttematerialet.

  • 1/2
    Sanne Løkke
  • 2/2
    Sanne Løkke