Hopp til hovedinnhold

Foredrag: Øl til alle tider

Smelthytta onsdag 19. februar kl. 11.30

For første gong er kultursoga til ølet her i landet samla mellom to permar. Med utgangspunkt i si eiga bok «Norsk ølhistorie- frå Odins skål til i dag» tek forfattar Sissel Brunstad publikum med på ei kulturhistorisk reise gjennom den gamle, norske ølbryggarkulturen. 

Det er ein del av ein meir enn 1000 år gamal felles kulturarv  som er ukjent for mange av dagens generasjonar, og mykje frå soga vil både overraske og forskrekke.  Her får du høyre om heimebryggekunsten og ølet som var med nordmennene gjennom heile livet frå vogge til grav, og spelte ei avgjerande rolle for det sosiale, religiøse og politiske livet. Ikkje minst; om ølbrygging som ein viktig del av den norske folketrua. Foredraget tek publikum mellom anna med til 1600-talets Røros der gruvearbeidarane kunne ta med kvar si kanne øl når malmen skulle hentast ut frå djupet.

Billetter

Besøkende betaler ordinær inngangsbillett til Smelthytta

Voksen: 120,-  Student/Honnør: 100,-, Barn under 16 år gratis

  • Privat

Om boka og forfattaren

Øl har til alle tider hatt ei avgjerande rolle i folks kvardagsliv og levesett, frå oldtidas Mesopotamia til dagens mangfaldige mikrobryggeri. Ølet har vore med gjennom heile livet – frå barselsøl til gravøl, til helg og høgtid gjennom fleire hundre år. Det har vore ein viktig ingrediens i spelet om politisk og religiøs makt og status.

Sissel Brunstad tek oss med på ei reise i norsk ølhistorie, som for første gang er samla mellom to permar. Brunstad har grave i gamle kjelder, snakka med dei fremste ekspertane og med ølbryggjarar i heile landet som framleis bryggjar på gamlemåten.

Norsk ølhistorie – frå Odins skål til i dag er eit must for alle ølelskarar og historieinteresserte. Den gamle bryggekunsten kan vere til inspirasjon for alle entusiastiske hobbybryggarar.

Sissel Brunstad (f.1956) er frå Sykkylven på Sunnmøre. Ho er journalist og særleg interessert i kulturhistorie. Ho har vore medforfattar til fleire bøker og tidsskrift.

Ho er tilsett ved NRK Møre og Romsdal og jobbar med nyhende, feature og dokumentar på radio, tv og nett. Ho var også frilansjournalist i fleire år med vekt på internasjonale stoffområde.

  • 1/1
    To glade karar over ølbollane Sissel Brunstad
Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1