Samiske spor i det norske språket

Foredrag i Rørosmuseet Smelthytta mandag 21. oktober kl 19.00

  • Tove Bull
    Jørn Berger-Nyvoll/UiT

Mandag 21. oktober kjem Tove Bull til Rørosmuseet for å snakke om samiske spor i det norske språket. 

Foredraget er todelt. Først gjer Bull greie for tidleg språkkontakt mellom samisk og skandinavisk (særleg norsk) og gir eksempel på korleis samisk grammatikk og samiske strukturtrekk har påverka norsk. Primært er det sørsamisk som er långjevar. Denne delen bygger i stor grad på forskinga til prof. Jurij Kusmenko. I andre del blir nyare eksempel på samisk i norsk påvist med utgangspunkt i moderne nordnorske (og delvis andre norske?) dialektar.

Gratis inngang. Velkommen!

Om Tove Bull

Tove Bull er professor emerita i nordisk språkvitskap ved UiT Norges arktiske universitet. Forskingsområdet hennar er sosiolingvistikk med vekt på språkhistorie, språkkontakt (særleg mellom samisk og skandinavisk), språk og kjønn, fleirspråklegheit og nordnorsk språkvariasjon.