Hopp til hovedinnhold

Systerspel

Kvifor vart dei borte frå kvardag og høgtid, medvit og tanke, skrift og tale? Dei var her, og så vart dei borte? Systerspel er ei vandreutstilling basert på ei ny bok skrive av Benedicte Maurseth om spelekvinner. Om kvinner som spela fele, frå 1700-talet til i dag.

  • Bildet viser en kvinne med fele som poserer for kamera. I bakgrunnen  ser man akvareller i blått med teksten "Systerspel - produsert av Osafestivalen".
    1/1
    Se utstillingen "Systerspel" på Rørosmuseet Smelthytta. Osafestivalen

Å spela fele var for menn. Det har me alltid trudd. Men Maurseth har leita fram kvinnene, frå skrift og munnleg tradisjon. Dei er fleire enn du trudde.

For fyrste gong vert det produsert ei vandreutstilling om spelekvinna kring Noreg og hennar historie. Utstillinga er såleis unik, og gjev publikum høve til å sjå og oppleva mellom anna den eldste hardingfela bruka av ei spelekvinne frå 1784, handskrivne turnébrev, særmerkte felehus henta fram frå privat eige, eldre og ukjende fotografi, lydopptak med meir.

Utstillinga er støtta av Norsk Kulturråd, Vestland fylkeskommune, Voss Herad, Fritt Ord, Voss Sparebank og Norsk senter for folkemusikk og folkedans.

Utstillinga kan du besøkja på Rørosmuseet Smelthytta.